Hardanger
PDF Drucken E-Mail

Hardanger er området som ligg rundt Hardangerfjorden i Hordaland fylke vest i Noreg. Hardanger omfattar kommunane Kvam, Jondal, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og det meste av Kvinnherad. Fruktbare Hardanger vert rekna som eit av dei vakreste område i Noreg, med fruktblomstring, fjorden, og isbeen Folgefonna.

Tradisjonelt har Hardingane (ein som er frå Hardanger) drive med fiske, jordbruk, skipsfart og skipsbygging. I gamle tider stengte fjella for landbasert transport i Hardanger. Fjorden vart difor eit viktig middel til å frakta handelsvarar som bøndene ville selja i Bergen. Slik vart Hardingane ekspert på segling og skipsbygging. Heilt tilbake til vikingtida finn ein tydelige spor etter Hardingane. Hardangerjaktene spelte ein heilt avgjerande rolle med å frakte tørrfisk frå Nord-Noreg til Bergen for eksport. Der fins mang ein helteberetning med ein Harding i hovudrolla frå denne viktige perioden i vårt lands historie.

Frukt og bær frå Hardanger er eit begrep i Noreg. Frukt og bær-dyrking vart innført av engelske munkar omkring 1665. Frukta vart fort kjend som ei særdeles saftig og velsmakane frukt. Klimaet er mildt og godt i Hardanger, og det er ubegrensa tilgang på friskt fjellvatn, slik at miljøet for dyrking av frukt og bær er perfekte. Produksjon av frukt og bær lever den dag i dag, og fruktbløminga om våren er eit fantastisk vakkert syn.

Vik gard

Vik gard er ein tradisjonell norsk vestlandsgard med mjølkeproduksjon som viktigste næring. Garden ligg i tettstaden Øystese i Kvam kommune. Garden har vore i slekta i snart 300 år, og vert i dag driven av Ola og Ingeborg Vik Seljebotn. Garden har fostra fleire personar som har hatt stor meining for Hardanger og Noreg. Meir kan du høyra om du tek deg ein tur til garden.