Velkommen til Vik Gard
E-post

Vertskapet Ingeborg og Ola Seljebotn ønskjer dykk velkomen til ein gard med kultur og tradisjonar.

Garden har vore i slekta i snart 300 år. Tunet er stort og vakkert med triveleg atmosfære. Blomar og buskar dannar ramme rundt sitjeplassar med utemøblar, grill og hagestove. Garden har også ein urtehage.

Me driv i dag aktivt jordbruk med mjølkeproduksjon. Garden ligg i Øystese sentrum. Det er 300 meter til butikk, kafè, post og hotell. Garden ligg berre 100 meter frå den den vakre Hardangerfjorden.

Me leiger ut tre leiligheter.

KÅRENDEN ligg i eine enden av gardshuset og er ca 60 m2. Kjøkken m/spisekrok og oppvaskmaskin. Stove med TV, dobbel sovesofa og seng. Stort bad med dusj og vaskemaskin. Gang/entre med bod. Soverom med dobbelseng. (4-5 personer)

VETLASTOVA er innreia i gardshusets underetasje og er ca 30 m2. Kombinert stove og soverom. Kjøkkenkrok m/oppvaskmaskin. Bad/dusj. (1-3 personar)

ELDHUSET har spesiell atmosfære. Det er eit gamalt bryggerhus m/eldstad og kakeovn, ca 20 m2. Minikjøkken, spiseplass, dusj/toalett. (1-3 personar)

KISTEFORNØYELSE. I stova, som er frå 1807 og i bruk i dag, kan Ingeborg ta dykk med på "kistefornøyelse". Det vert fortalt om gamle tradisjonar og vist fram husflid, vevde teppe og fine broderi som har gått i arv på garden. Ho fortel om ein samfunnsengasjert familie, der to av dei som vaks opp her vart stortingsmenn og statsråder, og om då Kong Olav V vitja garden i 1960. Grupper kan gjere avtale om omvisning og servering av kaffi og kaker i stova.